Ballettundervisning for born

Ballettundervisning for born er danseundervisning i danseforma klassisk ballett med fokus på teknikk, danseglede og leik. Det vert tilbudt ulike kurs gjennom året.

Litt informasjon om dei minste borna på ballett: Dei aller minste borna (2-åringane) bør ha ein vaksen med seg gjennom sjølve økta. Med dei større borna (3-6-åringane) har ein moglegheit til å vente i nærleiken av dansesalen. Den siste økta i kvart kurs vil vere ei framsyningsøkt kor kvar elev har moglegheit til å invitere med sine kjære.

Møt opp i klede ein kan bevege seg i. Eit vanleg “ballettantrekk” er drakt (med skjørt), strømpebukse og dansesko. Det er viktig å ha på sko eller sokkar med antiskli då gulvet kan vere glatt. Ha alltid med noko å drikke.

Utstyr og klede

Om læraren

Lisa er utdanna dansar og pedagog. Lisa har studert dans ved Bårdar Akademiet. Ho har over 15 års erfaring med danseundervisning for born og ungdom.

Foto: Yaniv Cohen

Påmeling?

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt via skjema under